Stopp nye kraftlinjer i luft

Årsmøtet i Raudt Hordaland går kraftig mot planane om monstermaster frå Samnanger til Øygarden. Raudt Hordaland seier nei til kraftlinje i luft! Skal det leggjast nye kraftlinjer skal ein unngå inngrep i natur så langt det lèt seg gjera. Nye kraftlinjer må i kablar i jord eller fjord.

I februar kom nyheita at Statnett planlegg ny kraftleidning frå Samnanger til Øygarden for å komma behovet i møte for auka kapasitet i kraftsnettet. Dette skal gjerast med å byggja master i luftlinje gjennom Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver, Askøy og Øygarden. Milevis med luftleidningar skal strekkast og inngrepa i naturen vil bli store. Delar av luftlinja vil gå gjennom landbruks- og friluftsområde, og dessutan soner for bevaring av naturmangfald.

I prosessen er sjøkablar m.a. forkasta fordi ei slik løysing vil både bli dyrt og teknisk utfordrande. Statsnett meiner ekstra kostnadene ikkje veg opp dei naturinngrepa som følgjer med ei luftlinje.

På jakt etter løysingar som skånar miljø og natur kan ikkje dei økonomiske kostnadene vera dei som veg tyngst. Ein må sjå på dette som langsiktige investeringar og grunnleggjande bygging av nødvendig infrastruktur. I grunnlova paragraf 112 heiter det: “Resursane til naturen skal disponerast ut frå ei langsiktig og allsidig betraktning som varetek denne retten også for etterslekta.” Det kan dermed ikkje vera dei økonomiske kostnadene som er det som hindrar oss å følgja vedteke gjeldande lovverk.

Noreg har også forplikta seg både til FNs naturavtale i Monteral og FN sine berekraftsmål som seier mellom anna at me skal verna biologisk mangfald. Noreg må jobba for å vareta dei forpliktingane som dei har sagt dei skal i forhold til avtalar signert for å skåna naturen og behalda noko for dei som kjem etter oss.Ei kabelløysing gjer mindre synleg inngrep i naturen, han skånar natur og miljø meir enn kraftlinjer i luft gjer. Sjøkabel og jordkabel vil også ha naturinngrepa sine, men er store mindre enn arealet til luftspennet.

Raudt Hordaland seier nei til kraftlinje i luft! Skal det leggjast nye kraftlinjer skal ein unngå inngrep i natur så langt det lèt seg gjera. Nye kraftlinjer må i kablar i jord eller fjord.